Monday, September 07, 2009

Det norske blogginnleggett

Som eg lovde, her er eit blogginnlegg på norsk! "Jøss" høyrer eg, "det har skjedd!"

Heisann alle sammen!

Kor det går? Eg håpar alt går fint med dykk. Her i Vancouver er sommaren over - etter ein lang, nydelig sommar med masse sol, blå himmel og varme temperaturer har komme hausten med regn og kaldere vær. Denne helga har vore ei langhelg pga. den Labour Day ferien, så fekk vi tredagshelg, jippee! Men no er langhelga nesten over og i måra må eg jobbe. Skolen begynner igjen etter sommaren i måra, så er sommaren heilt sikkert over :-(

Eg har ikkje gjørt mykje denne helga, tok avgjørelsen å ta det med ro så har eg sove masse og slappa av hos meg. Men eg gjekk ut litt - i går eg traff Melanie og vi drakk kakao og prata masse, og også tok vi ein liten tur rundt byen. I dag drog eg til Best Buy og kjøpte ein Toshiba DVD-spiller (som på bildet), ingenting dyrt men den fungerer, yaaay! Også fann eg ein sonefri hack på internett, som eg brukte slik at eg kann no spelar alle DVDene mine, ikkje berre dei fra sone 1 (nord-Amerika). No er eg ferdig for mange haust og vinterkvelder framfor fjernsyn med vin og venner :-)

Mange av de er no på Facebook, kjempebra nyhende! Det er veldig enkelt å holde kontakt med hjelpen av Facebook, så har vi alle ingen unnskyldning! Nydelig å sjå bilde av dykk - eg har også lastet opp maaaaaange bilde som de kan sjå, viss du vil.

Eg har prøvd å bruke norsken min så mykje som muleg, og eg håpar å forsette å øve. Det er for mesteparten på internett - eg ser på Vestlandsrevyen på nrk.no og bruker norsk på Facebook med dei norske vennane mine. Eg jobbar med ei dame som har ein norsk mann, men ho kan ikkje norsk, vel litt, men veldig lite, så er det vanskelig å bruke språket med henne. Dei har ein son og dei har bestemt seg å bruke begge to språk med han, det er viktig syns eg.

Eg trur det er alt frå meg for tida...de må fortelle meg om feil, og send meg også nyhendene dine! Eg saknar dykk og skal tilbake til Noreg ein dag, utan tvil...

Tid å legge meg no, natta og vi snakkes!

Stor klem
Adele :-)

1 comment:

  1. Hei Adele! Kjekt at du skriv på norsk, du er så flink!! Skal du feire jul i Canada? :) Klem

    ReplyDelete